Rekordvekst i avgifter på anleggs-diesel

Rekordvekst i avgifter på anleggs-diesel

17. desember 2013

Avgiftene på anleggsdiesel aukar 81 øre per liter. Det er meir enn dei tolv siste åra samla. Maskinentreprenørar reagerer kraftig.

Frå nyttår gjer avgiftene på anleggsdiesel og fyringsoljer eit kraftig byks med 80,9 øre per liter. Avgiftsveksten er på nær 50 prosent frå dagens nivå og er større enn den samla avgiftsauken dei tolv føregåande åra. Det viser tal frå Norsk Petroleumsinstitutt. Avgiftsauken er eit resultat av budsjettforliket mellom Frp, Høgre, Venstre og KrF og vil samla gi staten over ein milliard kroner i auka inntekter.

Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) reagerer kraftig.

- Vi er overraska over at avgiftsveksten er så stor, og at auken kjem samtidig som styresmaktene seier det skal satsast på infrastruktur og privat næringsliv. For ein mellomstor entreprenør utgjer avgiftsauken rundt 800.000 kroner i meirkostnader. Det er små marginar i næringa frå før, så for anleggsbransjen er det eit veldig uheldig signal, seier administrerande direktør Trond Johannesen i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).

Milliardvekst i avgifter

Fagsjef Kjartan Berland i Norsk Petroleumsinstitutt, som er bransjeorganisasjonen til olje- og energiselskapa, seier avgiftshoppet er det største nokon gong.

- Det har aldri vore eit så stort avgiftshopp før. Vi har forståing for at staten aukar avgiftene for å fase ut bruk av fyringsolje, men det er uheldig at avgiftsauken får konsekvensar for alle som bruker anleggsdiesel. Eg er ikkje sikker på at alle er klar over konsekvensane, seier Berland.

Les mer på www.nationen.no

 

 

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>